Nasjonal støttegruppe etter flodbølgekatastrofen 26.12.2004

Ukens dikt - Uke 48 - 2005

Var du der, Jesus? -av Haldis Reigstad

Var du der Jesus ?

Var du der Jesus, var du der då

gråtande vi tok farvel med de små.

Sorglause lo dei mot lyset du tende,

var du der Gud, då det grufulle hende?

Kven kan vel tankane dine forstå:

Var du der Jesus, var du der då? 

 

Var du der Jesus, var du der då

skattane dine i døden laut gå.

Let du di himmelsol over dei skine,

bar du dei Herre, i armane dine?

Fekk dei ditt lys gjennom tårene sjå:

Var du der Jesus, var du der då? 

 

Var du der Jesus, var du der då

ingen på jord kunne trøysta dei små?

Tørka du tårene deira den gongen,

let du dei høyra den himmelske songen?

Du som har omsorg for store å små:

Var du der Jesus, var du der då? 

 

( Haldis Reigstad )